Harald

logo

Harald er født i Svelgen, Bremanger. Han trudde i mange år på faren si historie om at han kom rekande på ei fjøl inn fjorden, og at foreldra fekk hente han på sjukestova der.

Dagen etter at han var ferdig med realskulen i 1964, reiste han frå Svelgen, og har ikkje budd der fast sidan. Første jobben var sommerjobb på ein geitegard høgt til fjells i Hardanger, same hausten reiste han til Svalbard som messegut på arbeidermessa i Longyearbyen. Då han vart 18 fekk han arbeid som hjelpesmann i transporten, og var det til heimreisa eit år seinare.

Etter eit år på hagebruksskule, vart det forskjellig praksis før han reiste i militæret. Etter dette var det forberedelseskurset eit år for NLH på Hamar, og 3 år på høgskulen, no Norges miljø- og biovitenskapelige universitet. Han var då ferdig utdanna som landskapsarkitekt.

Interessa har i alle år vore innan jordbruket, og i tillegg dei siste 40 åra innan data.

Frå slutten av 80-talet var han lærar på vidaregåande skule, for det meste ved Ålesund Latinskule Ålesund videregående skule.

Sidan 2009 har han vore engasjert i hjelpearbeid i Ukraina, og har bygt opp ein hjelpeforening som no har over 3000 medlemmer i gruppa si.

Som pensjonist kan han no gjere om lag som han vil, og set stor pris på reiser både med og utan bubil. Garden som han og Kristin har bygt opp saman, kjem nok på sal om nokre år, begge gutane har slått seg ned andre stader.