Halvor

halvor 000Halvor var født på Nordfjordeid i 1974. Han var for tidleg født og svært liten, men det gjekk utruleg bra, mest takka vere ei flink jordmor som gjorde jobben sin. Han døde i 2005 og here er dei siste orda våre til Halvor i kirka:

Halvor vart nesten 31 år. Han vart fødd på Nordfjordeid. Han voks opp i Engesetdalen og gjekk på skulen der og på ungdomsskulen på Skodje før han gjekk vidaregåande i Ålesund. Han arbeidde nokre år på plastfabrikken før han byrja i Bygdebladet på Sjøholt. Der hadde han arbeidet med oppsettet av avisa, eit arbeid som han likte godt. Sist haust byrja han på Akademiet i Ålesund for å ta utdanning vidare innen data og då serleg design og internett. Dette likte han så godt at han allereie hadde bestemt seg for å fortsette eit år til då han fekk første slaget. Halvor tok seg alltid godt av den minste broren sin og han kjente ikkje ordet ”nei” når ”lisjebroren” spurde om noko eller ville ha oppmerksomhet. Halvor var alltid ein stabil og roleg kar, også i ungdomsåra. På grunn av dette og at han sjeldan nytte noko serleg alkohol, var han difor i mange år fast ”festsjåfør” for sine vener. Han var sjeldent sint og var kjent for sin lune og treffande humor.   

Dei som kjente Halvor kan med handa på hjertet  seie at han ikkje hadde uvenner. Hans store interesse og lidenskap i livet var brigdespeling. Her fekk han mange gode vener og i mange år var dette sjølve livet for han. Han var ein dyktig spelar som utmerka seg både lokalt og nasjonalt, og brukte mykje av si fritid på dette. Høgdepunktet for han var nok i november når han saman med nokre vener deltok på det opne verdsmesterskapen i brigde i Florida. Han var også aktivt med i organisasjonen som leiar på Skodje, og var nok i mange år den drivande krafta i laget her.  I tillegg var han kretsformann i fylket og sat i landstyret dei siste åra.  16. desember 2004 fekk Halvor slag og vart lagt inn på Ålesund sjukehus. Det var lenge usikkert kva som hadde ført til slaget, og han vart sendt vidare til Trondheim der dette vart fastslått. Han hadde fått betennelse i blodårane i hjernen, ein svært sjeldan sjukdom som legane ikkje har nok kunnskap om. Sigbjørn reiste difor til Trondheim og var saman med han der på sjukehuset i jula før resten av familia drog opp i romjula. 11. januar fekk han eit nytt og endå alvorlegare slag. Etter dette kunne han verken snakke eller bevege seg, og var heilt blind. Etter ein tøff kamp for livet, og ei vanskeleg opptrening, var han no i ferd med å verte frisk. Han hadde fått at rørligheten i det meste av kroppen, kunne gå utan støtte og hadde fått att litt av synet. To veker før han døydde fekk han også taleevna att, og alt såg ut til å ordne seg til eit tilnærma normalt liv for Halvor. Gleda og optimismen var difor stor for oss alle. Halvor var særs motivert for trening og det var aldri nei når nokon ville trene med han i sjukeperioden. Han var alltid den siste som ville gje seg og etter at han fekk taleevna igjen, planla han korleis han skulle bygge kroppen opp att og kva han skulle gjere vidare. Han var heime på dagsbesøk nokre gonger føre påske og på Lars-Olav sin geburtsdag 10. mars, og han skulle også vere heime i påska. Fredag ettermiddag kom han heim og hadde ein triveleg kveld heime. Truleg var eit nytt slag allereie då under utvikling, for han vart trøtt og la seg tidleg. Tidleg laurdags morgon gjekk han på toalettet, men har truleg tatt feil veg på veg tilbake til senga. Han fall og truleg utløyste sjokket dette det siste slaget. Trass i god innsats frå ambulansemannskap og legar, stod ikkje livet til å redde. I løpet av ein times tid var han borte og familia sat att med berre minna. Gode minner om ein utruleg snill og følsom son og bror. Tomrommet etter han vil alltid vere der og livet for dei som er att vert aldri som før.