Bygdebo​ka

Utdrag frå Bygdebok frå Skodje, av Luis Giske
Gnr. 64 - Grasdal
Gml. matr.nr. 19. Gml. skyld lv. 1 pd. fisk.

Garden ligg til fjells ovanfor (nordanfor) Erstad, og gardsvegen er bratt og tung. Dalen det er snakk om er eit lite søkk med ein lav åsrygg søromtuna, Lasshaugåsen eller berre Åsen er namnet. Garden ligg til bytes med Ytre Ekroll og Beite i aust, sør og vest, deira eigne utmarks og fjellteigar ligg nord for innmarka.

I 1603 vart namnet skrive Grasdall, seinare Grezdall, Grazdall og Grasdahl. Det kjem av Grasdal, den grasrike dalen. Namnet finst fleire stader i landet.

Før der kom fast busetnad vart eigedomen mest sannsynleg brukt av andre oppsitarar i bygda til beitemark, utslåttar o.l. Bruka har ei heller lita samla dyrka vidde, det meste av dette arealet må vere rydda frå omlag midten av 1700 åra og fram mot vårt hundreår. Tidleg var vel garden det ein kallar øydegard, som ikkje hadde fast busetnad heile året. T.d. verlaget og snøfallet er det skilnad på samanlikna med dei lågareliggande delene av bygda. Når der tok til å bu folk fast er på det uvisse.

Grasdaloversikt
Då kvegskatten vart oppkravd i 1657-58 fanst der ikkje buskap på garden, årsaka kan ha vore misvekst eller andre uhell. Siffuer og Anders var oppsitarane på den tid.I 1667 ser tilhøva ut til å ha endra seg mykje - berre på eit knapt tiår. Der er 2 brukarar som sår 6 t. haustar 20 t. Kan fore 24 kyr, 2 hestar. Har brenneved til eige bruk. I tiend kan dei legge 2 t. havre, 1 pd ost. Leidang 4 kalvskinn. Dette skulle gi grunnlag for å skatte av 2 v. fisk.

Dei gode hamnegangane var vel ei årsak til at skylda vart sett så høgt.

Matr.framlegget 1724: Brukarane var Asbiørn og Povel. Dei sådde 6 t. havre haustar 24 t. Forar 2 hestar, 11 kyr, 7 ungdyr, 9 sauer, 6 geiter.
Ingen skog. 1 lita seter 1 fjerding frå garden, 1 lita kvern. Ligg 3/t mil frå sjøen, er noko tungdriven, men nokså viss til korn.

Minneleg utskifting på innmarka kom i stand i 1840, og 1858 vart det skrive markegangsbrev mellom Grasdal og Ytre Ekroll for det somgaldt rettane i utmarka. Fjell og utmark frivilleg utskift i 1863. Eit jordskifte gjekk føre seg i åra 1864-65. Overutskifting på utmarka avslutta i 1868, medan innmarka vart utskift også i 1869-70.

Grasdal, Beite, Vatne o.a. var innblanda i ei sak som nok omhandla fjellbeita, dette var i 1735. Eit anna tvistemål oppsto i 1769 mellom oppsitarar i Tennfjord og Grasdalingane vedkomande grunnleige for naust.

Føre utskiftinga stod husa til br.nr. 2 lengre mot vest, mogleg ved tunet til br.nr. 1. Løa på br.nr. 2 vart truleg bygd kring 1860 åra, den tida jordskiftet gjekk føre seg. Dei to andre løene på garden er og gamle, sikkert mellom dei eldste løhusa i bygda. Det som nå er innmarka til br.nr. 2 aust til utmarksgjærdet, låg tidlegare i blanda og småbytte teigar.

Grasdal sin fjelleigedom ligg mellom Beite i Vest og Ytre Ekroll i aust, Vatne i Haram mot nord.

Seterstøl hadde bruka saman med Ytre Ekroll på Lasshaugsetra.  Seterstellet slutta dei tidleg med på denne garden, samleis med slåtten på stølsteigane. Slik eigedomen ligg til var det lett for buskapen å nå i fjellbeita, sjølv om dei ikkje hadde tilhald på setra.

Ei tid brukte dei sommarfjøsar som stod ovanfor og austom Knut-garen.

På Kvernhusmyra ved elva hadde brukarane kvernene sine. Frå først av hadde bruka kvern saman, i matr. 1723 er nemt berre ei kvern. Kvernhusa bygde dei ikkje oppatt etter at ei vassfonn sopa dei med seg tidleg i dette hundreået. Isen demde opp Høgebergselva - ei av kjeldene til Erstadelva - det var årsaka til vassflaumen.

Torvet var i lange tider eit kjærkome tilskot til brenselet på dei fleste gardane i bygda. Rett til torvspaing hadde Grasdal m.a. i området aust for Lasshaugsetra på Rabben. Setrevegen til Erstad og Stige gjekk over br.nr. 2 sin eigedom til utmarksgjerdet ved Størkåleet.

Brukande køyreveg til gards vart først fullførd i 1928. Tuna ligg oppunder fjellfoten og har truleg ikkje vore flytta så mykje på gjennom tida. Den dyrka marka finn ein stort sett i bakkane nedanfor husa og austom br.nr. 2. I Nilsgaren hadde dei hestestallen skild frå løa, den var bygd ovanfor stova og var sikkert ein leivning etter den tida kvart husdyrslag var plassert i sin eigen vesle fjøs. Jorda på br.nr. 1 har ikkje vore driven siste åra, dei to andre bruka forar sauer.

Eigarar
Som så mange andre gardar høyrde Grasdal og inn under Giskegodset, den er likevel ikkje nemd mellom dei som Gyrvild Fadersdtr. skøyter over til kongen 1582. Men både 1647 og 1661 var garden i dette godset si eige. I hundreået som følgde var den på ymse hender. 1724 eigde
major Rømer og rådde for bygselen. 1793 skøytte prost Baade frå seg br.nr. 3 til Abraham Holtermann, og 1799 finn vi «Udlegsforeningskontrakt hvorved Abraham Holtermann overdrager denne eiendom (br.nr. 3) til Nils Wind». 1809 var fogden Landmark ansvarleg for dette
bruket som verje for Hansten Wind. Ved skiftet etter N. Wind og kona. I 1810 gjekk garden til dotra Barbara Henrikke Wind.

Ved inngifte kom Daae og Wind familiane i slektskap, og br.nr. 3 vart i deira eige næraste åra. Kaptein Daae bygslar bort i 1843, det same 1865. Ved gåvebrev av 9/6 1883 forærte kaptein Daae bruket til sonedotra Henrikke Barbara Wind. Den 3/3 1884 skreiv presten ut attest på at «Cand. jus. Nils Gjertsen Rogstad er ægteviet med Henrikke Barbara Wind».

Først 1895 vart br.nr. 3 kjøpt av brukaren til full eige. Langt tidlegare vart br.nr. 1 sjølveigande - truleg på slutten av 1700 talet.

Brukarar
Skriftlege kjelder frå tidleg på 1600 talet nemner berre ein brukar, det er Olluf Pedersen Grasdalen som i 1611 vart skriven ut til Kalmarkrigen. Det året svarar han og leiglendingsskatt. Same mannen er nemd 1627-28 i manntalet over gardmenn og strandsitjarar. Garden skatta då av 1 v
1 pd. Han legg ut Contribusjonsskatten 1629. Kor lenge han var på garden er ikkje godt å seie. Om ein reknar med at Olluf var fødd kring 1580, har han truleg fått avløysing i 1640-50 åra.

I tida som er omtala var Grasdalen det dei kalla ein øydegard, på desse gardane var der oftast ikkje busetnad heile året. Tilhøva for brukarane var til tider tunge.

Br.nr. 2 - Knutgaren
Løpenr. 46 b, gml. skyld 1 pd. fisk, ny skyld 4 ort 23 sk. skm. 1,49.

Utmark og fjellbeita ligg inntil bøen anna i vestleg lei, br.nr. 2 utgjer den austlege delen av garden. 1811 fekk Johan Nilsen br. 1. bygseletel av Knud Olsen Gresdal, med kårplikter. Fram til 1817 var br.nr. 1 og 2 ei eining. Ved skiftet etter Knud 1817 vart denne gardparten utlagd til søsterdotter hans, Maren Larsdtr. Ytre Skodje og til søstrene Inger Olsdtr., Berte Olsdtr. Anne Olsdtr. (Sjå br.nr. 1). Luten som fall på dei var 8 mk. til kvar, verdien fastsett til 27 rdl. 2 ort 16 sk.

Då Anne Olsdtr. døydde i 1823 gjekk hennar arvelut over til enkjem. Hans Olsen Vestre og borna Ole Andreas, Hans Martinus, Oline og Ingeleiv. Bruket kom såleis på mange hender, men ikkje mange åra etter var bruket igjen samla under ein eigar.

Martinus Olsen Akslen
Born: Bernt Olaus f. 1826. G. 1854 med Ane Stine Olsdtr. Birkevold, Vatne. I folketeljinga for Vatne 1875 står: «Gift husmand med jord».  Dei hadde ei dotter då.Petter Elias f. 1828. Døydde ung. Lars Martinus f. 1829. Neste eigar. Ingebrigt Gunder f. 1835. G. 1859 med Karen Lovise Hansdtr.
Selboskar Vestre, Vatne f. 1823. I folketellinga for Vatne 1875 står: «Gaardbruger, leiglending.» Dei hadde 3 søner. Frå dei som ervde bruket fekk Martinus skøyte på 22 1/2 mk. i 1827,
taksten var 48 spd. Det kan vere han som bygde løa som ennå er i bruk. 1863 g.2.g. med Berte Larine Randine Olsdtr. Indre Ekrol f. 1816. Dei flytte til plassen Bertebakken under Indre Ekroll. Før ektesk. hadde Berte ei dotter Oline Anna Severinsdtr., faren var Severin Olsen Indre Skodje. Ho g. med Amund Pettersen Hofset. Berte g.2.g. med Karl Paulsen Orvikgjærdet, Vatne. Lars Martinus Martinussen GresdalHanna Nikoline Toredtr. Giskemo

Born: Tomas Laurits Britanus f. 1858. Neste br. , Johannes Martinus Karolus f. 1861-1863. ,1854 tok Lars over etter faren, taksten var 140 spd., i tillegg kår. Ved utskiftingsskylddeling 1876 vart Styrkåjære delt frå br.nr. 1 Ytre Ekroll og lagt til Gresdal br.nr. 2 sin eigedom. Dette «gjerdet» må ein sei
høyrde naturleg inn under Grasdalgarden, men var ved tidlegare overdragingar overteke av Ytre Ekroll. Peder Torsen skøytte frå seg dette jordstykket til Lars for 95 spd. Torvet og myrslætta gjorde vel Styrkåjære ettertrakta. I samband med eigarskiftet heiter det: «I følge fogdens fortegnelse av 30 des. 1877 er denne eiendom og løpenr. 46 b sammanføyet til ett bruk av skyld 1 dl. 9 sk.»

Skylda i 1863 var 4 ort 23 sk. åker og dyrka eng 10 mål. Årleg avling 2 t.bygg, 18 t. havre, 12 t. poteter, 47 lass høy. Forar 1 hest, 4 kyr, 1 kvige, 13 sauer. Buskap og utsed 1875: 1 unghest, 1 okse, 4 kyr, 4 ungdyr, 12 sauer, 2 geiter, 1 svin. Peter Pedersen Ytre Ekroll eig 1 ku. Knud Pedersen Ytre Ekroll eig 1 sau.

Utsed: 'A t. bygg, 114 t. blandkorn, 2Vi t. havre, 2 t. poteter.Tomas Laurits Bretanus Larsen GresdalMarte Karoline Knudsdtr. Vestre, Vatne f. 1848-1889.
Born: Gyda Oleanna f. 1879. Eit nyvore namn her den tida. Døydde ung. , Lars Marius Bastian f. 1881. G. med Karoline Martinusdtr. Rekdal. Busette seg i Vestrefjord. Elise Petrine f. 1882. Reiste til Amerika, døydde der ugift. Karl Johan f. 1885-1915. Ugift. Marte Henrikke Johanne f. 1889. Ugift. Reiste til Amerika, døydde der. Av faren fekk Tomas skøyte 1881 med kår til foreldra. 1891 gifte han
seg oppatt med Helene Knudsdtr. Berild, Måndalen f. 1853-1909. Born:Knud f. 1892. Reiste til Amerika. Ragna f. 1895. Reiste og til Amerika der vart ho gift med ein landsmann med etternamnet Blegen.Petter Sigvald f. 1898. G. med Marie Petersdtr. Fylling, Fiksdal. Dei kjøpte Jogaren på Frostad, Tomrefj.
Einaste son deira, Trygve,omkom på Ishavet ulukkesvinteren 1952.Torny f. 1900. Ho følgde systra Ragna til Amerika i 1910, døydde der berre 13 år gammal. j) Georg f. 1903-1971. Reiste til Amerika, der døydde han ugift, k) Håkon f. 1906. G. med Lovise Hatlen, bur i Hatlane, Ålesund. 1) Eilert f. 1908. Petter Opdal i Ålesund tok han til seg og adopterte han. Eilert g. med sjukepleiar Bergljot Vik frå Bergenskanten. Biletkunstnaren Ørnulf Opdal er deira adoptivson.

Alt i 1886 selde Tomas garden. Då han gifte seg 2.g. flytte han med heile huslyden til Ålesund. Ein hard lagnad vart dei til del. Første kona hans døydde på barseng. Sjølv var han fiskeskipper, og i 1909 omkom Tomas då «Stadt», fiskebåten hans, gjekk ned. Same året døydde og andre kona hans. Attende i heimen sat då 7 foreldrelause born i alderen 1 til 17 år. Av den store barneflokken drog heile 6 over til Amerika. Knud Martinus Britanus Pedersen Hatlehol «Runne-Knut» f. 1861-1932, g. 1886 med Lisa Tomasine Karoline Jørgensdtr. Græsdal br.nr. 3 f. 1865-1955.
Born: Karl Johan f. 1886. Neste eigar. Peder Laurits f. 1888. Reiste til Amerika 1905. Kom heim 1966 og
døydde på Skodje Aldersheim, ugift. Petra f. 1890. G. med Peder Flem, Ålesund. Anne Marie f. 1893. G. 1913 med Sivert Rørhus, Sunnylven. Han var anleggsarb. busette seg i Tennfjord.
Knut Laurits f. 1896. G. 1923 med Karen Hansdtr. Stette g.nr. 52. Knut byrja tidleg som sjåfør. Han tok til med bilrute mellom Engesetdal og Ålesund. Hadde også ei tid turbuss og fiskebilrute til Oslo. Berte f. 1898. G. med Lars B. Ekroll, Bastiangaren Ytre Ekroll. Håkon f. 1907. G. 1934 med Ingeborg Pedersdtr. Ekroll g. nr. 63. Dei tok over ein del av Erstajæra.

Skøyte til Knud 1886 frå Tomas Larsen Gresdal, han løyste ut for 1650,- kr og la kår til Hanna Toresdtr. Den tida stod der stabbur på bruket, eit setersel med fjøs høyrde og til. Stabburet er forlengst borte. Karl Johan Knudsen GræsdalElen Kristofa Petersdtr. Fylling Born: Elise f. 1919. G. 1945 med Arnt Ulvestad, Vatne, bur på Vatne. Knut f. 1924. G. med Ingrid Olsdtr. Indrestrand, Vatne. Har sett seg
opp hus på Vatne. Han er bygningsmann. Kjell f. 1931. G. 1951 med Borghild Valderhaug, Valderøy f. 1931. Han er glassmeister og har verkstad og forretning i Spjelkavik.

Karl fekk skøyte 1924, kår til foreldra, han ga 2400,- kr. Nytt stovehus bygde han, med romsleg kjellar under, litt ned - og vestfor gamlestova. Han var murar og kunne seg med smedarbeid. Nokre år kring 1930 pakta han Minst -Olagaren på Store Engeset.

Etter at Karl og kona vart for gamle til å drive gard låg drifta nede i mange år. Dei flytte til aldersheimen på Skodje. Bruket vart til salgs og i 1981 kom ny eigar til. Inger Kristin Klokk Ljones Skodje, f 1948 og Harald Vågene, Bremanger f. 1947.
Born: Halvor f. 1974. Sigbjørn f. 1975. Borna til eigaren før skøytte over til Inger Kristin i 1981. Dei har teke til med nydyrking og legg vinn på saueavl. Løa på bruket må vere ei av dei aller eldste her i bygdene. Fjøsen vart ei tid nytta til hønsehus. I 1982 fekk dei bygt seg nytt stovehus, det står omlag på tufta til den eldste stova ein veit om på bruket. Inger K. har høgare landbruksutdanning, han er landskapsarkitekt.

Br.nr. 3 - Jørngaren
Løpenr. 47, gml. skyld 2 pd. fisk, ny skyld 1 dl. 2 ort 15 sk. skm. 1,95. Frå den eldste tid er brukarlistene truleg slik vi har sett opp nedanfor. Sijfuer Knud Sivertsen er komen til i 1666, var då 26 år gammal.EllendOppnemd formyndar for henne er farbroren Lars. Iver og Lars var sikkert søner av Ellend, deiber begge namnet Gresdal, difor er det truleg at dei budde på garden og brukte den saman slik visa var den tida. Lars Ellingsen Gresdal1711 la han og kona og ett barn 18 sk. ekstraskatt. På sine gamle dagar gifte han seg.

Ein Elling Arnesen budde og i Grasdal 1704, borna hans var: Sjur f. ca. 1666. 1704 tente han på Mørkeset. Paul f. ca. 1680. 1704 var han 24 år gammal. Var br. ei tid. Størker f. ca. 1684. 1704 tente han på Vikenes. Sjølv om Lars var einsam i mange år så hadde han hjelp på garden
likevel, ser vi. Kvar desse folka vart av har vi ikkje funne, berre eine sonen til Elling kom att til Grasdal og vart verande der.

Paul Ellingsen Tennøy Gjertrud Larsdtr. Hannibalsø,
Born: Lars f. 1716-1716. Elling f. 1717. Lars f. 1720. G. til Stige grn. 68. Peder f. 1722. G. 1745 med Marta Nilsdtr. Høgset. Budde i Drønnesund. Paul må ha budd på Tennøya i Vatne før han kom attende til Grasdalen. Han og kona flytte frå Grasdal då dei vart gamle, truleg til sonen i
Drønnesund. Nye folk kom til. 1717 vart ei Magnhild Pedersdtr.? Gresdal gift med Lars Halvorsen Vatnehaug. Om det var slektskap mellom nokon av desse og dei som tok bruket etterpå er uvisst.

Botolf Larsen Gresdal og Magnhild Pedersdtr.
Born: Magnhild f. 1757-1757. Magnhild f. 1759. Ikkje konfirmert i Skodje eller Vatne, har sannsynleg flytta herfrå. Bolla f. 1762. G. 1812 med Knud Olsen Kjemphol, Aurdal Sykkylven. Botolf døydde ung, 1762 skifte dei etter han. Netto eige var 52 rdl. 3 ort 6 sk., så han var ingen fattig mann. 1764 gifte Magnhild seg 2.g. med Lars Pedersen Håhjem grn. 14 f. 1733-1767.
Born: Marte f. 1765. G. 1794 med Anders Stefansen Sollid, Ørskog. Same året hadde dei dotra Anne til dåpen i Skodje kyrkje. Kvar Magnhild vart av veit vi ikkje, etter at også 2. mannen døydde omlag 3 år frå ho gifte seg oppatt. Ikkje utenkjeleg at ho flytte til dotra på Ørskog.

Siur (Sivert) Willumsen Nedrevoll. Born: Stine f. 1785. G. med neste br. Anne f. 1787. Flytte til Aukra 1834. Berte f. 1789. G. 1819 med Peder Andersen Midtbust, Stordal f. ca. 1780. Dei bygsla Simonsplass - Simogaren - på Nordstranda, Valderøy. 1845 g.2.g. med enkjem. Ole Sjursen Fiskergård, Valderhaug.
Olave f. 1793. Var ugift, men hadde 3 born utanfor ekteskap. 1)Sivert Karolus f. 1818, far Peder Eriksen Vatnehaug. 2) Sivert Olaus f. 1823, far Kristen Knudsen Vatne. 3) Martinus f. 1827, far gift
mann Anders Rasmussen Vatne. Tre gonger vart ho bøtelagd og to gonger måtte ho «udstå Kirkens disiplin» (gapestokk). Berte Severine f. 1799. Vart kalla Severine. Ho fekk ein sår lagnad. 1819 tente ho i Ertesvåg. Der vart ho skulda for å ha tileigna seg nokre poteter uløyves. Husbonden melde henne. Men då saka skulle til tings, tok jenta det så tungt at ho gjorde ende på livet sitt. Dei fann henne død i «Ertesvåg sørstrand». Som skikken var den gongen gravlagde dei henne i uinnvigd jord og utan jordpåkasting. Dette er eit døme på dei strenge moralnormene som rådde og det høge verdet dei sette på det som var matnyttig. Poteta var vel endå ein nokså ny vekst på desse kantar.

1808 fora dei på bruket 1 hest, 2 kyr, 3 ungdyr, 5 sauer, 3 geiter.

Når ein veit at for å fø denne buskapen slo dei på setra og hausta gras frå andre utslætte, skjønar ein at bømarka ikkje utgjorde så stor ei vidde. Peder Paulsen Krogsæter Vatne, g. 1810 med Stine Siursdtr.
Gresdal  
Born: Inger Marie f. 1810. G. med neste br. Siver Ingebrigt f. 1812-1813. Peter Sivert Karolus f. 1812. G. 1842 med enkja Gjøri (Guri ?) Halvardsdtr. Ramsvik, Vatne. Anne Ingeborg Severine f. 1817. Konfirmert i Skodje 1834. Peder Martinus f. 1819. Konf. i Skodje 1836.Johanne f. 1822-1822. Ingeborg Johanne f. 1823. G. 1849 med Kristen Johannes Tomassen Langset. Ole Severin f. 1827-1849. Tente hjå broren på Ramsvik, Vatne, der vart han sjuk og døydde, gravlagd ved Vatne kyrkje.Lars Martinus f. 1833. G. 1864 med Oline Nilsdtr. Drønnesund. Budde på Drøna. I folketellinga frå 1875 er ført «Lars Torsøn,
husfader gift husmand med jord.»

Frå fogden Landmark, verje for Hansten Wind, fekk Peder skriven bygselsetel 1809, med «holdent kår» til Sjur Willumsen og kona. Det er heller uvisst kvar det vart av Peder og Stine etter at dei vart kårfolk. Lars Eriksen Øye, Sunnylven f. ca. 1800-1863, g. 1842 med Inger Marie Pedersdtr. Gresdal

Born: Brite f. 1844-1844. Det ser ut som både mora og barnet døydde under fødselen.

Året etter at kona døydde gifte Lars seg 2.g. med Marte Larsdtr. Helset, Stranda f. 1812-1908. Dermed sat ei ny slekt på bruket.

Born: Karoline Elise Marta f. 1845. G. med neste br. Edvard Laurits Tomas f. 1852. G. med Beret Anna Larsdtr. Sandøy, busette på Sandøy.
Tomas Laurits Britanus f. 1855. Døydde ung. Ingeborg Marie Kristine f. 1856. G. til Braute, Ytre Ekroll. Lars sat på bygsel frå 1843 og la kår til Peder Paulsen og kona. Eigar var
då kaptein Ludvig Daae. Truleg kom Lars frå Innigard, Øye i Sunnylven. Far hans gjorde teneste 10 år som livvakt i Kjøpenhamn.

Jørgen Martinus Larsen Hølsbø gnr. 15 f. 1831-1916, g. 1865 med Karoline Elise Marta Larsdtr. Gresdal

Born: Lisa Tomasine Karoline f. 1865. G. til br.nr. 2. Johanne Marie f. 1868. G. til Skar gnr. 69. Lars Matias f. 1875. Neste br. Ludvik Sivert Nikolai f. 1878. Brukar på Nedrebø, Stige.
Johan Laurits f. 1881-1908. Gjekk ved Kysartilleriets underoffiser skole i Drøbakk. Seinare vart han mykje sjukleg og måtte vel gi opp å bli yrkesmilitær. Han var ein av dei som gjorde opptaket til skipinga av Engesetdal skyttarlag. Jørgen var bror til Johan i Ytre Beite. Det var i 1865 at han tok over bruket, kapt. Daae ga han bygsel med kår til svigermora, svigerfaren var død før. Jørgen vart den første sjølveigaren, det var ikkje før 1895. Då fekk han skøyte av borgarmeister Rogstad og fru Henrikke ved Johan Daae, utløysingssummen var 2000,- kr. Han bygde om og vølte stova, 1905 heiter det: «Den gamle stuebygning er nedrevet og ombygget og i enhver henseende betydeligt utvidet og forbedret.» Han sat med bruket til etter hundreårsskiftet.

I 1863: Åker og dyrka eng 17 mål. Årleg avling 26 t. havre, 12 t. poteter, 53 lass høy. Forar 1 hest, 4 kyr, 2 kviger, 17 sauer. Buskap og utsed 1875: 1 unghest, 7 kyr, 1 ungdyr, 9 sauer, 1 svin. Utsed: 'At t. rug, 4 t. havre, 2 t. poteter, 1/10 mål rotfr.

Lars Matias Jørgensen GræsdalIngeborg. Anna Eliasdtr. Ekroll Ytre grn. 63 f. 1883-1964.
Born: Jørgen f. 1908. Ugift. Saman med mora og særleg broren, Elias, stod han for drifta etter at faren døydde. Noko nytt dyrkingsland la dei til bruket. Jørgen har alltid vore ein svær arbeidskar og vart mykje nytta til leigearbeid rundt om. Ei tid hadde han revegard. Påslåtteteigen var det ingen som klarde følgje han med langorven. Då han og broren vart att åleine kjøpte dei huset til morsøster si nede i bygda, og flytte dit. Johanne f. 1910-1927.Karen f. 1911. G. med Johan Ekornåsvåg, Blindheim. Han var tidlegare møbelprodusent og eig fabrikk saman med bror sin. Busette i Ekornåsvåg. Elias f. 1915. Bur på Indre Ekroll. Martin f. 1917. Bur på Kvitsøy ved Haugesund. Flytte tidleg frå
heimbygda. Ein gong i unge år gjekk han gjennom isen på Engesetdalsvatnet, det var ein kveld, men klarde å berge seg til lands ved eiga hjelp. Alf f. 1919. Eig nå. Lars var av dei som reiste over til Amerika, etter ei tid kom han heimatt og tok over farsgarden. Han bygde nytt stovehus.

Alf Larsen Græsdal
Born: Inger Lise f. 1952. G. 1982 med amanuensis Robin Fulton Mac Pherson. Ho er adjunkt, bur i Stavanger. Dagmar Kristin f. 1954. G. 1977 med Ståle Åmelfot. Begge er lærarar, bur i Volda.
Frode Lasse f. 1955. Sivilagronom, busett på Lena. Arve Gisle f. 1956.Gro Anne f. 1960. Britt Trine f. 1962. Asgeir Bjarte f. 1963. ) Jo Sturla f. 1967. k) Espen Are f. 1969.

Alf har utdanning som lærar i den høgare skulen. Har drive sin eigen handelsskule på Sunndalsøra, Tingvoll og Skodje. Skuledrifta forlet han og er nå statsautorisert revisor. Dei åra han var busett utanbygds fekk han frådelt ein parsell av farsgarden på Kvennhusmyra. Bygde først hytte der, seinare bustadhus på same tomta. Han har skøyte på bruket nå. Huset i gamletunet fekk han vølt og bygt om i 1982, og huslyden flytte dit. Løa på bruket var svært gammal og dei har nå bygt ny med tanke på sauedrift.

Frådelingar
Br.nr. 4 - Jobu - sk. 0,02: Utskild frå br.nr. 3 i 1961. Eigar, Alf L. Græsdal, det er parsellen han bygde hus på då han flytte attende til heimegarden.
Br.nr. 5 - Syningom - sk. 0,02: Utskild frå br.nr. 2 i 1966. Eigarar er søskena Hjørdis, Judit og Mindor Enoksen, Brattvåg. Dei har bygt hytte på tomta.
Br.nr. 6 - Garasjetomta - sk. 0,01
Utskild frå br.nr. 2 i 1966. Eigarane dei same som for br.nr. 5.