Oppdaterast kvart femte minutt

Tunet vårt - Vert oppdatert kvar 5. minutt - For PC: Trykk Ctrl F5 for oppdatering, klikk for å sjå heile bildet.
Vi har flytta frå Grasdalen til Myklebust på Harøya! I Grasdalen budde vi i 44 år, det vert neppe så lenge på Harøya!
Teksten her på heimesida kan difor endå ei tid vere misvisande, men vert retta så snart vi rekk det!

Familia består av : Lars-Olav, Sigbjørn og Kristin og Harald.

Halvor var eldste guten, men døde desverre 19. mars 2005, 31 år gammel.
Sigbjørn og familien bur i Bærum og Lars-Olav og sambuar er busett i Trondheim.

Lars-Olav

​Lars-Olav - ekte "skøyebygdar" født 1989 og oppvaksen på Skodje.

Lesing har alltid vore ein utprega aktivitet, og han fekk tidleg sterk interesse...

LES MEIR

Harald

Harald er født i Svelgen, Bremanger. Han trudde i mange år på faren si historie om at han kom rekande på ei fjøl inn fjorden, og at foreldra fekk...

LES MEIR

Kristin

​​Kristin er ein ekte "skøyebygdar". Ho har levd det meste av livet sitt her, først barndommen og sidan åra etter 1980. Interesse for alt som har...

LES MEIR

Sigbjørn

Sigbjørn: Født på Nordfjordeid i 1975.

Flytta til Balsfjord tre år gammel og til Skodje i 1980. I både barndom og oppvekst ein sers aktiv kar som...

LES MEIR

Halvor

​Halvor var født på Nordfjordeid i 1974. Han var for tidleg født og svært liten, men det gjekk utruleg bra, mest takka vere ei flink jordmor som...

LES MEIR

Slektsforskning

Søk i treet vårt, det er no heilt oppdatert med over 7 000 personer.
Vi har ein server på sida vår som let deg søke og finne detaljar om personane i treet.
Vil du sjå også dei som lever, kan du be om å verte registrert.

gå til familietreet

Gardens Historie

Vi flytta ​til SunnMøre i august 1980


Familia flytta til Møre i august 1980. Vi flytta til eit nedlagt bruk der det ikkje hadde budd folk på lenge, og sjølve garden var ikkje dreven dei siste 20 åra. Då flyttebilen kom, viste det seg at der heller ikkje var brukbar veg heilt fram, alt måtte berast dei siste 150 meterane.
Det viste seg etterkvart at optimismen kanskje var vel stor då vi kjøpte bruket.  Det meste bar preg av tidens tann og at det var lenge  sidan det hadde vore noko vedlikehald på garden. Gjerdehold, marker, fjøs og hus var alt i svært dårleg forfatning i forhold til det som var ønskeleg om ein skulle leve der og drive garden.

Tunet

Eit lite gardsbruk i Engesetdal i Skodje nær Ålesund.  Sjå bildet  frå 1900  og 1930,  fram til korleis det ser ut i dag.  Det har vore lagt ned mykje arbeid og ikkje minst mykje penger dei siste 45 åra!
Vi har avslutta all produksjon av kjøt og sal av mat. Det skjedde i 2018. Likevel er det ein del av vår historie som får sin plass på familien si nettside. Vi deler oppskriftene nytta og håper dei kjem til bruk eller nytte. Skinn har vi ikkje fleire av.


Spekekjøt - Korleis vi gjorde det!

Spekekjøt har i uminnelege tider vore vanleg kost på vestlandet. Før vart det nytta som kvardagsmat, medan det no helst vert nytta som festmat med ”noko attåt”.  Spekekjøtet du no har kjøpt er annleis enn det du er van med av fleire årsaker. For det første er dette laga av spælsaulam, men det er også salta mindre enn vanleg og det er tørka naturleg ute under tak. Sterk salting fører til at kjøtet vert svært tørt og saltet legg seg ofte som eit kvitt lag utvendig på kjøtet. Kjøtet her er difor mykje meir saftig og smakfullt enn det du til vanleg får kjøpt i butikkane. Spekekjøtet er eit lår (altså ein bakfot) Bogane, framføtene til lamma, er også gode som spekekjøt. Desse er tynnare og tørker såleis før, men har også litt mindre kjøt i høve til vekta. Prisen er difor lavare enn for eit lår. 

Bogane er best tidleg i sesongen, når ein kjem ut på våren vert desse gjerne noko tørre. Alle våre lam vert slakta på godkjent Gilde (Nortura) slakteri. Det heng så til mørning nokre dager før vi tørrsaltar det 6-8 dagar etter storleiken. Etter eit par dagar vert det trekt ut så mykje væske av kjøtet, at låret ligg i lake. 

Før vi heng opp låret, vert det utvatna ei stund under rennande vatn. Tørkinga føregår i eit uthus tilpassa bruken på garden vår. I periodar med høg luftråme må vi blåse ekstra luft gjennom rommet. Etter omlag 6-7 veker er låret tørt nok, og altså ferdig. Dei låra som ikkje skal seljast straks, vert då innpakka og frosne ned for at dei skal halde seg og ikkje tørke meir. 

Spekekjøt smaker best om du skjer det opp i tynne skiver. Dette gjer du lettast om du skjer ut så store stykker som råd av låret, og så skjer dei stykka opp i skiver etterpå med kniv eller oppskjersmaskin.  Vil du at gjestane dine skal forsyne seg mykje av det, må du skjere det opp på førehand slik at dei slepp å skjere sjølve. 

Vi vil anbefale at du prøver varme poteter til dette spekekjøtet neste gong du får uventa gjester.   Med eit glas øl til i tillegg, burde kvelden vere berga! Enklare servering finn du knapt, sjølv om låret var frose når gjestane kom, vil det vere klar til bruk etter eit par timar.     Elles har vi sjølve god erfaring med å servere graut på laurdager med spekekjøt attåt. Dette er ein middag som vår familie set stor pris på. Til vanleg nyttar vi risengrynsgraut, men enkelte gonger varierer vi med rømmegraut.  

Oppbevaring av spekekjøt
Husk at all spekemat skal oppbevarast tørt, mørkt og kaldt! Legg det gjerne i frysaren om du ikkje skal bruke det straks. Dersom kjøtet skal vere framme, i kjøleskap eller henge t.d. på kjøkenet, må ein ta av emballasjen så det ikkje myglar. Kjøt som heng i varmen nokre dagar vil få ein spesiell smak som nokre, men ikkje alle, likar.

Vi har slutta av kapittelet med gardsmat og sal av kjøt. Bildene er meint som ei historisk skue.

Oppskrifter

Lammeribbe eller pinnekjøt:
Dersom sida ikkje er delt opp i serveringsstykker må du skjere opp kjøtet mellom ribbene. Kjøtet må så leggast i vatn over natta, enkelte foretrekk eit døgn. Ta ein stor kasserolle og legg bjørkepinnar på kryss og tvers i botn. Hvis du ikkje har bjørkepinnar kan du bruke ei rist eller ringar frå Norgesglas. Fyll kokande vatn i panna. Vatnet skal ikkje nå opp i kjøtet. Pass på og fyll på meir vatn når det har dampa ei stund. La ribbene dampe i 3 til 4 timer. Serverast med poteter og kålrotstappe.

Variasjon:
 / Vatn ut. Legg kjøtet på rist. Damp i 1 time og ta det opp. Smelt talg eller smør i ei gryte. Legg i kjøtstykka og strø på sukker. Steik kjøtet på begge sider og spe med fløyte. La kjøtet surre til det er mørt.
 / eller Damp i 2 ½ time eller til kjøtet losnar frå beinet. Ta opp kjøtet og legg det i langpanna. Steik det ved høg varme i 10 minutt.

Kålrotstappe:
Del kålrota i terningar før koking, då er den lettare å mose. Mos kålrota og ta i meierismør, 100 g smør til ei stor kålrot. Spe med mjølk. Frå gammalt av er det kålrotstappe som er mest vanleg å servere til juleribba, seinare har det blitt vanleg å bruke surkål. Somme bruker gulrot, blaute lefser eller skjerpa flatbrød til. Andre bruker sursøt løksaus til ribbene og andre lys, jamna saus av krafta. Som saus kan ein også bruke sjyen som blir i kasserollen etter dampinga.

Fersk lammerull:
Denne er laga av tynnsider frå lam. Rullen er krydra med salt og peppar. Ta den opp frå frysaren dagen før og tin den i kjøleskapet. Kok i salta vatn, det skal ikkje fosskoke, berre syde. Koketid ca 1 ½ time. Legg press på og lat den stå til den er kald. Hvis du ikkje presser blir påleggskivene runde. Mange brukar denne lammerullen som middagsmat. Då steiker ein den i omnen som steik. Sidan den er krydra, treng du til vanleg ikkje å krydre den meir som middagsmat, men dette er som kjent avhengig av smaken til den enkelte.

Lammekotelettar:
Vi lagar lammekotelettar av god kvalitet ved å sortere ut berre dei aller beste kjøtstykka når vi sager opp ryggen. Dette er stykker som har eit godt kjøtlag over ryggbeinet og eit lyst fettlag ytterst. Kotelettane skal også vere fint saga, passeleg tjukke og jamne. Dei vert så pakka på brett og vakumert før frysing.

Grytekjøt / fårikålkjøt:
Dette er i hovedsak stykker frå nakke, tildels fine nakkekoteletter. Der er også nokre kjøtstykke frå ryggen som ikkje held mål til dei finaste lammekotelettane og vert pakka og selt som grytekjøt til ein langt lavare pris. Ein vil difor her kunne finne gode kotelettar som kanskje er litt ujamt skore eller som har litt mindre kjøtfylde enn lammekotelettane.

Kokemør:
Kokemøren er laga av kjøt frå bogane og litt spekk frå svin for at pølsene skal få rette konsistensen. Vi kverner og elter kjøtet så saman og set til salt og peppar. Etter dette vert massa pressa inn i tarmar som vert knytt føre i høvelege lengder. Pølsene vert så hengde opp natta over, før dei vert vakumpakka og frosne ned.

Tørrmør:
Om tida vår strekk til, vert det også produsert noko tørrmør som kan brukast til pålegg eller som ”snacks”. Dette vert produsert om lag på same måten som kokemør, men litt annleis krydra og vi bruker litt tynnare tarmar slik at den skal tørke betre. Dette vert så hengt til tørking om lag 6 veker før det er ferdig. Når møren er skikkeleg tørr, skal ein høyre eit tydeleg knekk om ein bryt av eit stykke.

Husk: I godt lag er det best med naturleg mat!  God appetitt!


Skinn & Handarbeid

Vi har avslutta kjøttsalg, men har framleis fine lammeskinn til salgs!  

Produksjon av skinn

Vi har hatt uvanlege dyr som esel. Dyrevelferd har vore viktig for oss!

Starten på begynnelsen….. eller omvendt

Familiehjelpen Ukraina vart stifta hausten 2015, men allereie i 2009 starta mitt hjelpearbeid i Ukraina.
Det skjedde mer eller mindre tilfeldig, og er ei historie for seg selv uten betydning for saka her….

bilde frå privat

LES MEIR

Til Ukraina med varevogn og tilhenger
I 2010 køyrde eg til Ukraina med varevogn og tilhenger to ganger, seinere vart det nokre fleire, men eg fant tidleg ut at dette etter mi meining ikke var rette måten å hjelpe på for meg. Ein tur dit kosta privatøkonomien minst 15 000 kroner + eventuelle utgifter for lasta. Turen tok i rein reisetid omlag 6 dager. Ein flybillett kosta då ca 4 000 tur retur og tok 5 timer kvar veg i tillegg til nokre timer køyring der. På den måten kunne eg med godt hjerte bruke minst 10 000 til å hjelpe på plassen. Ved å hjelpe med penger, ville eg også samtidig hjelpe flere ganger for same summen. Dette ved at produsenter og bedrifter der ville få tilsvarende større omsetning. Den gang kosta eit par tjukke lester der ca 16 kroner på markedet. Kunne eg kjøpe dei der, ville ein bonde kunne selge meir ull, den som laget garn av ulla fekk litt arbeid, og dei som strikka lestane og eventuelt selde dei, ville også ha litt meir arbeid. Med desse betraktningene fortsatte eg hjelpa med å bringe penger dit til dei som trengte det.

Kimen til organisasjonen
Nokre år vart offentlege etater sine prosjekt for sjuke og eldre støtta gjennom Lions, inntil dei valgte å avslutte for å kunne bruke midlene meir lokalt i Norge. Dette var kimen til organisasjonen som eg då starta saman med to-tre andre. Med betraktningene over vil jeg presisere at det ikke er meint som noko negativt for dei organisasjonane som den gang dreiv med å sende klær og nødhjelp dit. Hvis skal det gjerast, må det være mer profesjonelt enn det eg dreiv med.
Begge deler er viktig!

Organisasjonen vår er landsomfattende
Etter en forsiktig start, der støtten kom fra venner, slektninger og andre som stolte på meg, har organisasjonen i dag vokst til det vi er no. Organisasjonen er landsomfattende og brukte i 2022 over 900 000 til å hjelpe trengende i Ukraina. Dette har minka litt no, til liks med i andre organisasjoner, men det er vert framleis hjelpt for 5-60 000 kroner kvart år. Vi er også godkjent av Facebook som humanitær organisasjon, og av staten som godkjent organisasjon for å kunne gje skattefritak for mottekne gaver.

Dette er eit lite samandrag av historia til arbeidet vi gjere, du kan lese litt til under bilda. Av mange tusen bilde fra desse åra, har jeg valgt ut nokre få. Vi håper også at du fortsatt vil støtte oss etter denne orienteringen.
Familiehjelpen.help