Sommeren 1998 fekk vi eit stabbur på tunet!

Stabburet er i hovedsak laga av tømmer som vi har teke frå eigen gard. På førehand hadde vi greve ned store steinar til å sette det på. Plassen er der huset på garden stod før, eit hus som var bygt i 1922 og rive av oss i 1987.

Dei som laga det var Jack Kjølås og Per Giskehaug frå Stranda. Stabburet var lafta på førehand på garden til Jack, og dei kom med det klart for oppsetting. På tre dager var arbeidet ferdig, og vi hadde fått eit nytt bygg på garden. Torvtekkinga var det husbonden og to gode hjelparar som stod føre. Jan Tore Olsen og Nils Petter Srømmen gjorde ein god jobb med utlegging av grunnmurspapp, never og torv.