Løpenr. 46 b, gml. skyld 1 pd. fisk, ny skyld 4 ort 23 sk. skm. 1,49.
Utmark og fjellbeita ligg inntil bøen anna i vestleg lei, br.nr. 2 utgjer
den austlege delen av garden. 1811 fekk Johan Nilsen br. 1. bygseletel
av Knud Olsen Gresdal, med kårplikter. Fram til 1817 var br.nr. 1 og 2
ei eining. Ved skiftet etter Knud 1817 vart denne gardparten utlagd til
søsterdotter hans, Maren Larsdtr. Ytre Skodje og til søstrene Inger
Olsdtr., Berte Olsdtr. Anne Olsdtr. (Sjå br.nr. 1). Luten som fall på dei
var 8 mk. til kvar, verdien fastsett til 27 rdl. 2 ort 16 sk.
Då Anne Olsdtr. døydde i 1823 gjekk hennar arvelut over til enkjem.
Hans Olsen Vestre og borna Ole Andreas, Hans Martinus, Oline og
Ingeleiv. Bruket kom såleis på mange hender, men ikkje mange åra etter
var bruket igjen samla under ein eigar.
- Martinus Olsen Akslen
Born:
- Bernt Olaus f. 1826. G. 1854 med Ane Stine Olsdtr. Birkevold,
Vatne. I folketeljinga for Vatne 1875 står: «Gift husmand med jord».
Dei hadde ei dotter då. - Petter Elias f. 1828. Døydde ung.
- Lars Martinus f. 1829. Neste eigar.
- Ingebrigt Gunder f. 1835. G. 1859 med Karen Lovise Hansdtr.
Selboskar Vestre, Vatne f. 1823. I folketellinga for Vatne 1875 står:
«Gaardbruger, leiglending.» Dei hadde 3 søner.
- Ingebrigt Gunder f. 1835. G. 1859 med Karen Lovise Hansdtr.
Frå dei som ervde bruket fekk Martinus skøyte på 22 1/2 mk. i 1827,
taksten var 48 spd.
Det kan vere han som bygde løa som ennå er i bruk.
1863 g.2.g. med Berte Larine Randine Olsdtr. Indre Ekrol f. 1816. Dei
flytte til plassen Bertebakken under Indre Ekroll.
Før ektesk. hadde Berte ei dotter Oline Anna Severinsdtr., faren var
Severin Olsen Indre Skodje. Ho g. med Amund Pettersen Hofset.
Berte g.2.g. med Karl Paulsen Orvikgjærdet, Vatne.
- Lars Martinus Martinussen GresdalHanna Nikoline Toredtr. Giskemo
Born:
- Tomas Laurits Britanus f. 1858. Neste br.
- Johannes Martinus Karolus f. 1861-1863.
1854 tok Lars over etter faren, taksten var 140 spd., i tillegg kår. Ved
utskiftingsskylddeling 1876 vart Styrkåjære delt frå br.nr. 1 Ytre Ekroll
og lagt til Gresdal br.nr. 2 sin eigedom. Dette «gjerdet» må ein sei
høyrde naturleg inn under Grasdalgarden, men var ved tidlegare over-
dragingar overteke av Ytre Ekroll. Peder Torsen skøytte frå seg dette
jordstykket til Lars for 95 spd. Torvet og myrslætta gjorde vel Styrkå-
jære ettertrakta. I samband med eigarskiftet heiter det: «I følge fogdens
fortegnelse av 30 des. 1877 er denne eiendom og løpenr. 46 b samman-
føyet til ett bruk av skyld 1 dl. 9 sk.»
Skylda i 1863 var 4 ort 23 sk. åker og dyrka eng 10 mål. Årleg avling 2 t.
bygg, 18 t. havre, 12 t. poteter, 47 lass høy. Forar 1 hest, 4 kyr, 1 kvige,
13 sauer.
Buskap og utsed 1875: 1 unghest, 1 okse, 4 kyr, 4 ungdyr, 12 sauer,
2 geiter, 1 svin.
Peter Pedersen Ytre Ekroll eig 1 ku.
Knud Pedersen Ytre Ekroll eig 1 sau.
Utsed: 'A t. bygg, 114 t. blandkorn, 2Vi t. havre, 2 t. poteter.
- Tomas Laurits Bretanus Larsen GresdalMarte Karoline Knudsdtr. Vestre, Vatne f. 1848-1889.
Born:
- Gyda Oleanna f. 1879. Eit nyvore namn her den tida. Døydde ung.
- Lars Marius Bastian f. 1881. G. med Karoline Martinusdtr. Rekdal.
Busette seg i Vestrefjord. - Elise Petrine f. 1882. Reiste til Amerika, døydde der ugift.
- Karl Johan f. 1885-1915. Ugift.
- Marte Henrikke Johanne f. 1889. Ugift. Reiste til Amerika, døydde
der.
- Marte Henrikke Johanne f. 1889. Ugift. Reiste til Amerika, døydde
- Lars Marius Bastian f. 1881. G. med Karoline Martinusdtr. Rekdal.
Av faren fekk Tomas skøyte 1881 med kår til foreldra. 1891 gifte han
seg oppatt med Helene Knudsdtr. Berild, Måndalen f. 1853-1909.
Born:
- Knud f. 1892. Reiste til Amerika.
- Ragna f. 1895. Reiste og til Amerika der vart ho g. med ein
landsmann med etternamnet Blegen.
- Petter Sigvald f. 1898. G. med Marie Petersdtr. Fylling, Fiksdal. Dei
kjøpte Jogaren på Frostad, Tomrefj. Einaste son deira, Trygve,
omkom på Ishavet ulukkesvinteren 1952. - Torny f. 1900. Ho følgde systra Ragna til Amerika i 1910, døydde
der berre 13 år gammal.
- Ragna f. 1895. Reiste og til Amerika der vart ho g. med ein
j) Georg f. 1903-1971. Reiste til Amerika, der døydde han ugift,
k) Håkon f. 1906. G. med Lovise Hatlen, bur i Hatlane, Ålesund.
1) Eilert f. 1908. Petter Opdal i Ålesund tok han til seg og adopterte
han. Eilert g. med sjukepleiar Bergljot Vik frå Bergenskanten.
Biletkunstnaren Ørnulf Opdal er deira adoptivson.
Alt i 1886 selde Tomas garden. Då han gifte seg 2.g. flytte han med heile
huslyden til Ålesund. Ein hard lagnad vart dei til del. Første kona hans
døydde på barseng. Sjølv var han fiskeskipper, og i 1909 omkom Tomas
då «Stadt», fiskebåten hans, gjekk ned. Same året døydde og andre kona
hans. Attende i heimen sat då 7 foreldrelause born i alderen 1 til 17 år.
Av den store barneflokken drog heile 6 over til Amerika.
- Knud Martinus Britanus Pedersen Hatlehol «Runne-Knut»
f. 1861-1932, g. 1886 med Lisa Tomasine Karoline Jørgensdtr. Græsdal
br.nr. 3 f. 1865-1955.
Born:
- Karl Johan f. 1886. Neste eigar.
- Peder Laurits f. 1888. Reiste til Amerika 1905. Kom heim 1966 og
døydde på Skodje Aldersheim, ugift. - Petra f. 1890. G. med Peder Flem, Ålesund.
- Anne Marie f. 1893. G. 1913 med Sivert Rørhus, Sunnylven. Han
var anleggsarb. busette seg i Tennfjord. - Knut Laurits f. 1896. G. 1923 med Karen Hansdtr. Stette g.nr. 52.
Knut byrja tidleg som sjåfør. Han tok til med bilrute mellom
Engesetdal og Ålesund. Hadde også ei tid turbuss og fiskebilrute til
Oslo. - Berte f. 1898. G. med Lars B. Ekroll, Bastiangaren Ytre Ekroll.
- Håkon f. 1907. G. 1934 med Ingeborg Pedersdtr. Ekroll g. nr. 63.
Dei tok over ein del av Erstajæra.
- Håkon f. 1907. G. 1934 med Ingeborg Pedersdtr. Ekroll g. nr. 63.
- Anne Marie f. 1893. G. 1913 med Sivert Rørhus, Sunnylven. Han
- Peder Laurits f. 1888. Reiste til Amerika 1905. Kom heim 1966 og
Skøyte til Knud 1886 frå Tomas Larsen Gresdal, han løyste ut for
1650,- kr og la kår til Hanna Toresdtr. Den tida stod der stabbur på
bruket, eit setersel med fjøs høyrde og til. Stabburet er forlengst borte.
- Karl Johan Knudsen GræsdalElen Kris-
tofa Petersdtr. Fylling
Born:
- Elise f. 1919. G. 1945 med Arnt Ulvestad, Vatne, bur på Vatne.
- Knut f. 1924. G. med Ingrid Olsdtr. Indrestrand, Vatne. Har sett seg
opp hus på Vatne. Han er bygningsmann. - Kjell f. 1931. G. 1951 med Borghild Valderhaug, Valderøy f. 1931.
Han er glassmeister og har verkstad og forretning i Spjelkavik.
- Knut f. 1924. G. med Ingrid Olsdtr. Indrestrand, Vatne. Har sett seg
Karl fekk skøyte 1924, kår til foreldra, han ga 2400,- kr. Nytt stovehus
bygde han, med romsleg kjellar under, litt ned - og vestfor gamlestova.
Han var murar og kunne seg med smedarbeid. Nokre år kring 1930
pakta han Minst -Olagaren på Store Engeset.
Etter at Karl og kona vart for gamle til å drive gard låg drifta nede i
mange år. Dei flytte til aldersheimen på Skodje. Bruket vart til salgs og
1981 kom ny eigar til.
- Inger Kristin Klokk Ljones Skodje, f 1948 og Harald Vågene,
Bremanger f. 1947.
Born:
- Halvor f. 1974.
- Sigbjørn f. 1975.
Borna til eigaren før skøytte over til Inger Kristin i 1981. Dei har teke til
med nydyrking og legg vinn på saueavl. Løa på bruket må vere ei av dei
aller eldste her i bygdene. Fjøsen vart ei tid nytta til hønsehus. I 1982
fekk dei bygt seg nytt stovehus, det står omlag på tufta til den eldste
stova ein veit om på bruket. Inger K. har høgare landbruksutdanning,
han er landskapsarkitekt.
Br.nr. 3 - Jørngaren
Løpenr. 47, gml. skyld 2 pd. fisk, ny skyld 1 dl. 2 ort 15 sk. skm. 1,95.
Frå den eldste tid er brukarlistene truleg slik vi har sett opp nedanfor.
- Sijfuer
- Knud Sivertsen er komen til i 1666, var då 26 år gammal.
- EllendOppnemd formyndar for
henne er farbroren Lars. Iver og Lars var sikkert søner av Ellend, dei
ber begge namnet Gresdal, difor er det truleg at dei budde på garden og
brukte den saman slik visa var den tida. - Lars Ellingsen Gresdal1711 la han og kona og ett barn 18 sk. ekstraskatt. På sine gamle
dagar gifte han seg.
Ein Elling Arnesen budde og i Grasdal 1704, borna hans var:
- Sjur f. ca. 1666. 1704 tente han på Mørkeset.
- Paul f. ca. 1680. 1704 var han 24 år gammal. Var br. ei tid.
- Størker f. ca. 1684. 1704 tente han på Vikenes.
Sjølv om Lars var einsam i mange år så hadde han hjelp på garden
likevel, ser vi.
Kvar desse folka vart av har vi ikkje funne, berre eine sonen til Elling
kom att til Grasdal og vart verande der.
- Paul Ellingsen TennøyGjertrud Larsdtr.
Hannibalsø,
Born:
- Lars f. 1716-1716.
- Elling f. 1717.
- Lars f. 1720. G. til Stige grn. 68.
- Peder f. 1722. G. 1745 med Marta Nilsdtr. Høgset. Budde i Drønne-
sund.
- Peder f. 1722. G. 1745 med Marta Nilsdtr. Høgset. Budde i Drønne-
Paul må ha budd på Tennøya i Vatne før han kom attende til Grasdalen.
Han og kona flytte frå Grasdal då dei vart gamle, truleg til sonen i
Gresdal gift med Lars Halvorsen Vatnehaug. Om det var slektskap
mellom nokon av desse og dei som tok bruket etterpå er uvisst.
- Botolf Larsen GresdalMagnhild
Pedersdtr.
Born:
- Magnhild f. 1757-1757.
- Magnhild f. 1759. Ikkje konfirmert i Skodje eller Vatne, har sann-
synleg flytta herfrå. - Bolla f. 1762. G. 1812 med Knud Olsen Kjemphol, Aurdal Sykk-
ylven.
- Magnhild f. 1759. Ikkje konfirmert i Skodje eller Vatne, har sann-
Botolf døydde ung, 1762 skifte dei etter han. Netto eige var 52 rdl. 3 ort
6 sk., så han var ingen fattig mann.
1764 gifte Magnhild seg 2.g. med Lars Pedersen Håhjem grn. 14
f. 1733-1767.
Born:
- Marte f. 1765. G. 1794 med Anders Stefansen Sollid, Ørskog. Same
året hadde dei dotra Anne til dåpen i Skodje kyrkje.
Kvar Magnhild vart av veit vi ikkje, etter at også 2. mannen døydde
omlag 3 år frå ho gifte seg oppatt. Ikkje utenkjeleg at ho flytte til dotra
på Ørskog.
- Siur (Sivert) Willumsen Nedrevoll
Born:
- Stine f. 1785. G. med neste br.
- Anne f. 1787. Flytte til Aukra 1834.
- Berte f. 1789. G. 1819 med Peder Andersen Midtbust, Stordal f. ca.
1780. Dei bygsla Simonsplass - Simogaren - på Nordstranda, Val-
derøy. 1845 g.2.g. med enkjem. Ole Sjursen Fiskergård, Valderhaug. - Olave f. 1793. Var ugift, men hadde 3 born utanfor ekteskap. 1)
Sivert Karolus f. 1818, far Peder Eriksen Vatnehaug. 2) Sivert Olaus
f. 1823, far Kristen Knudsen Vatne. 3) Martinus f. 1827, far gift
mann Anders Rasmussen Vatne. Tre gonger vart ho bøtelagd og to
gonger måtte ho «udstå Kirkens disiplin» (gapestokk). - Berte Severine f. 1799. Vart kalla Severine. Ho fekk ein sår lagnad.
1819 tente ho i Ertesvåg. Der vart ho skulda for å ha tileigna seg
nokre poteter uløyves. Husbonden melde henne. Men då saka skulle
til tings, tok jenta det så tungt at ho gjorde ende på livet sitt. Dei fann
henne død i «Ertesvåg sørstrand». Som skikken var den gongen
gravlagde dei henne i uinnvigd jord og utan jordpåkasting. Dette er
eit døme på dei strenge moralnormene som rådde og det høge verdet
dei sette på det som var matnyttig. Poteta var vel endå ein nokså ny
vekst på desse kantar.
- Berte f. 1789. G. 1819 med Peder Andersen Midtbust, Stordal f. ca.
1808 fora dei på bruket 1 hest, 2 kyr, 3 ungdyr, 5 sauer, 3 geiter.
Når ein veit at for å fø denne buskapen slo dei på setra og hausta gras frå
andre utslætte, skjønar ein at bømarka ikkje utgjorde så stor ei vidde.
- Peder Paulsen Krogsæter Vatne, g. 1810 med Stine Siursdtr. Gresdal
Born:
- Inger Marie f. 1810. G. med neste br.
- Siver Ingebrigt f. 1812-1813.
- Peter Sivert Karolus f. 1812. G. 1842 med enkja Gjøri (Guri ?)
Halvardsdtr. Ramsvik, Vatne. - Anne Ingeborg Severine f. 1817. Konfirmert i Skodje 1834.
- Peder Martinus f. 1819. Konf. i Skodje 1836.
- Johanne f. 1822-1822.
- Ingeborg Johanne f. 1823. G. 1849 med Kristen Johannes Tomassen
Langset. - Ole Severin f. 1827-1849. Tente hjå broren på Ramsvik, Vatne, der
vart han sjuk og døydde, gravlagd ved Vatne kyrkje. - Lars Martinus f. 1833. G. 1864 med Oline Nilsdtr. Drønnesund.
Budde på Drøna. I folketellinga frå 1875 er ført «Lars Torsøn,
husfader gift husmand med jord.»
- Ingeborg Johanne f. 1823. G. 1849 med Kristen Johannes Tomassen
- Peter Sivert Karolus f. 1812. G. 1842 med enkja Gjøri (Guri ?)
Frå fogden Landmark, verje for Hansten Wind, fekk Peder skriven
bygselsetel 1809, med «holdent kår» til Sjur Willumsen og kona. Det er
heller uvisst kvar det vart av Peder og Stine etter at dei vart kårfolk.
- Lars Eriksen Øye, Sunnylven f. ca. 1800-1863, g. 1842 med Inger
Marie Pedersdtr. Gresdal
Born:
- Brite f. 1844-1844. Det ser ut som både mora og barnet døydde
under fødselen.
Året etter at kona døydde gifte Lars seg 2.g. med Marte Larsdtr. Helset,
Stranda f. 1812-1908. Dermed sat ei ny slekt på bruket.
Born:
- Karoline Elise Marta f. 1845. G. med neste br.
- Edvard Laurits Tomas f. 1852. G. med Beret Anna Larsdtr. Sandøy,
busette på Sandøy. - Tomas Laurits Britanus f. 1855. Døydde ung.
- Ingeborg Marie Kristine f. 1856. G. til Braute, Ytre Ekroll.
- Edvard Laurits Tomas f. 1852. G. med Beret Anna Larsdtr. Sandøy,
Lars sat på bygsel frå 1843 og la kår til Peder Paulsen og kona. Eigar var
då kaptein Ludvig Daae. Truleg kom Lars frå Innigard, Øye i Sunnyl-
ven. Far hans gjorde teneste 10 år som livvakt i Kjøpenhamn.