Skodje

Tettstaden Skodje ligg knappe 4 mil aust for Ålesund. I sjølve bygda bur det omlag 2000 menneske, og i heile kommunen Skodje bur det vel 4000. Engesetdal ligg 6-7 kilometer nord for sentrum, i retning Vatne. Sjå kartet.

Bygda Grasdal er eit lite dalføre i Engesetdal. Mange av dei som bur i utkanten av Norge rundt Sinsenkrysset vil nok hevde at Grasdal er ein utkant. Vi som bur her veit betre. Vi veit at vi bruker kortare tid til vårt sentrum i Skodje enn dei vil gjere. Frisk luft, godt vatn og ekte vestlandsver gjer at vi lever betre enn mange. Vi slepp også å vente på grønt lys før vi går over vegen.

Grasdal, eit namn som fortel om eldre tider og kva som då vart verdsett. Grasmengda her er neppe større enn andre stader i distriktet, men truleg har her vore grøderikt før i gamle dager.  Dalen ligg lunt til mellom Grasdalsfjellet og Lassehaugåsen, og her er ofte varmare enn andre stader i distriktet.

Garden vår er eit lite småbruk som  knapt nok kan kallast gard. For eit par generasjonar sidan, var den nok eit levebrød for eigarane, men i dag er den for oss ein heim og ein god, men dyr hobby. Vi har bygt den opp på nytt sidan 1980 og kan no sjå tilbake på det vi har gjort.