Foreningen vart starta hausten 2015. Det var eldsjeler som ville hjelpe trengande i Ukraina som stod bak. Tanken var at minst mogleg av innsamla midler skulle forsvinne på veien.  Dette har vore ein berande tanke heile tida, og framleis er utgiftene svært lave.Prinsippa er at ein i første rekke skal hjepe slike som gjere kva dei kan for å ikkje hamne på gata, og ikkje er avhengig av rus. Der det er alkohol med i bildet vert berre barna hjelpt.

I starten vart hjelpa konsentrert i eit område vest i landet, Rivne region, og særleg i byen Dubno. Etterkvart vart området utvida til fleire andre distrikt, og i 2020 var det til saman 7 distrikt / stader som det vart arbeidd i.  Serleg har hjelpa i det okkuperte området aust i landet og til internt fordrevne flyktninger auka. Midlane til denne hjelpa kjem i hovedsak frå innsamla midler via Facebook gruppa til foreningen og dei 5-600 medlemmane der.

Det er verdt å merke seg at foreningen berre  har 1 % i utgifter av dei innsamla midlane. All hjelp når altså fram til dei som treng det! Rekneskapet er ope for medlemmer og vert revidert kvart år.

 *******************************

Kontakt:

Familiehjelpen Ukraina, Grasdalsvegen 81, 6260 Skodje -  90134629.


Epost: Familiehjelpen(alfakrøll@)gmail.com.

Du finner oss også på Facebook.

Organisasjonsnr. 916 204 973

Bank nr:1503.70.35456  -  VIPPS: 63937

Klikk for kart!

 

 

Last opp:

Brosjyre, A5 format

Orientering om Familiehjelpen Ukraina

Vedtekter Familiehjelpen Ukraina