Om familia vår

Vi bur på eit lite gardsbruk i Engesetdal i Skodje kommune nær Ålesund. Familia består av Lars-Olav, Sigbjørn og Kristin og Harald.

Halvor var eldste guten, men døde desverre i 2005, 31 år gammel.

Grasdal

  • Familia flytta til Møre i august 1980. Vi flytta til eit nedlagt bruk der det ikkje hadde budd folk på lenge, og sjølve garden var ikkje dreven dei siste 20 åra. Då flyttebilen kom, visste det seg at der heler ikkje var brukbar veg heilt fram, alt måtte berast dei siste 150 meterane.
  • Det viste seg etterkvart at optimismen kanskje var vel stor då vi kjøpte bruket.  Det meste bar preg av tidens tann og at det var lenge  sidan det hadde vore eit godt vedlikehald på garden. Gjerdehold, marker, fjøs og hus var alt i svært dårleg forfatning i forhold til det som var ønskeleg om ein skulle leve der og drive garden.